Livet er kort, få det gjort!

Velkommen til Grov Forskaling AS si nettside. Me tilbyr alle tenester innan betongarbeid, og har lang erfaring og kompetanse på alle typar forskaling til større og mindre bygg. Her kan du få oversikt over kva me leverer, og sjå bilete av dei ulike produkta våre. 

 

Ny
223,orig

Har du ny garasje, eller treng du ny til våren?

  • Grunnmur

    Me lagar thermo-mur, mur som berre er laga av betong der det blir sett på etterisolering, leca-grunnmur og kjernemur der det er betong på begge sider og isolasjon i midten. 

  • Ringmur

    Me leverer ringmur etter tec 10-standarden. 

  • Betonggolv

    Me leverer alle typar betonggolv til hus, garasje, baderom og industribygg. Me rettar oss etter norsk standard.

  • Støttemur

    Me leverer alle typar støttemurar. 

  • Trapper

    Me byggjer plasstøypte trapper til inngangsparti i alle storleikar. 

  • Fundament for hallar

    Me utfører betongarbeid for større bygg, og lagar brystningselement for hallar. 

  • Utleige av forskalingssystem

    Me har Malthus-system for utleige. 

Om oss

 

Grov Forskaling AS tilbyr alle tenester innan betongarbeid. Me starta opp i 1994, og i dag har me åtte tilsette. Me held til på Heiane på Stord der me flytta inn i nytt bygg i 2011. Me har lang erfaring og kompetanse på alle typar forskaling til større og mindre bygg. Dei fleste kundane våre er på Stord, Fitjar, Bømlo, Kvinnherad, Tysnes og Sveio. 

 

Ingen hus er like. Me lagar forskalingssystem til det me får teikningar på.

 

 Bilde av bygget vårt på Heiane

 

2017

Ny
Har du ny garasje, eller treng du ny til våren?
Share at:

Har du ny garasje, eller treng du ny til våren?

Uansett, må du då tenka på kva dekke du vil ha. Du må ha eit jamt og fint betonggolv i garasjen, som treng etterbehandling. Betong er ikkje vasstett og olje, støv og salt vil trengje ned i porene, og det er vanskelig med reingjøring.

 

Her fins det mange gode løysningar, som til dømes maling, epoxy eller flis. Her må ein og tenkja litt over kva type bruk det vil være i garasjen. Har du bil med piggdekk, vil du utføra snikker- eller mekkearbeid i garasjen, eller er den berre til oppbevaring og lagring?

 

 Epoxy er kanskje den løysningen som er mest brukt, den er slitesterk og gjer reinhaldet mykje enklare.

 

Støttemur

Me leverer alle typar støttemurar. Her kan du sjå nokon av dei som me har levert:

 

 

 

Nytt nasjonalt tillegg til standarden for betongtilslag

En nytt og revidert nasjonalt tillegg til standarden NS-EN 12620 Tilslag for betong ble utgitt 1. desember 2016. Målet med revisjonen av tillegget har vært å oppdatere de nasjonale kravene til dokumentasjon av betongtilslag i tråd med betongstandarden (NS-EN 206).

 

Du kan lese mer om standarden HER

 

Utleige

Me har utleige av forskalingssystem. Det er eit Malthus forskalingssystem som er svært fleksibelt og som krever lite opplæring. Ta kontakt dersom du ynskjer å leige!

 

 

Trapper

Me byggjer plasstøypte trapper i alle storleikar. Her kan du sjå nokon av dei trappene me ha laga. 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Betonggolv

Våre betonggolv er utført etter dagens forskrifter. Du vil alltid få levert eit kvalitetsgolv frå Grov Forskaling. Me leverer alt frå garasjegolv til golv i større forretningsbygg. Ta kontakt med oss for ein golvprat!

Husk; Livet er kort – få da gjort!

 

Grov Forskaling AS

951 22 624
Heiane, 5412 Stord
970 934 960

Send oss ei melding

Takk for di melding! Me tek kontakt med deg snarast.

Ver vennlig og skriv inn i dei påkrevde felta.

En feil oppstod